10 Kjappe: Solgunn Slåtto

Postet fredag 17. mars 2017

Solgunn Slåtto // Foto: Helge Brekke
Dagen før Klangkollektivet takker for seg snakker daglig leder og ildsjel Solgunn Slåtto om blant annet Bisse, Kjartan Lauritzen, Børud-gjengen og den gangen hun var med på å male Casiokids-malerier under Roskilde 2010.

Foto: Helge Brekke

Hvem er du og hva gjør du i det vi kaller det norske musikklandskapet?
Potetildsjelen som har dratt til Danmark for å bissa seg opp.

Hvis du kunne velge et band eller en artist i Norge som skal oppleve stor suksess i nær framtid, hvem ville du valgt og hvorfor?
Línt fordi dei har noko ingen andre har. Beveger seg også difor litt på sida av hype-radaren, noko som for øvrig kler dei godt. Har ingen tidsånd over seg, det er berre sjukt fint og ganske spektakulært samtidig.

Hvilke låter er du hekta på for tiden?
Bisse med Seks Hjerter. Ein fyr som trossar alt av konvensjonar og gjer det på sin måte. Å sjå denne låta live er utruleg opptur, og gjer at den kverner i hjernen i lang tid etterpå. Trips av Línt poppar opp ca ein gong dagleg. I dag tidleg havna plutseleg NSync This I promise you på hjernen og eg sang av full hals på sykkelstien – i dansk motvind, og den er kraftig.

Finn fram en musikkvideo du elsker og fortell hvorfor.
Kjartan Lauritzen – «Fredag» er sjukt opptur, mest fordi gir flashback til bygda med Volvo 240 og fordi han har bra mage. Bror min hadde ein sånn. Volvo, altså.

Ja, begrepet er ganske teit, men hvis du måtte dra fram noe, hvem eller hva er din musikalske guilty pleasure og hvorfor digger du det?
Børud-gjengen – «Det var Gud som skapte dansen». Viktig våpen i min kamp for å leva eit musikk- og dansefullt liv i tenåra, og framleis beste låt på nachspiel.

Hva er den siste skiva du kjøpte?
Vilde Tuv – D’meg. Nei no lyg eg. Eg fekk den i gåve for ein DJ-jobb. Beste betalinga.

Grav frem et albumcover du elsker og fortell hvorfor.
Lumikide-kassetten frå 2015, som nok kanskje er best på A1-plakat for å få fram alle fine detaljer, lår og pupper, klypt ut frå gamle moteblad. Nydeleg nakenheit. Oi det var ganske lite moralsk av meg, å dra fram porno og tynne modellkroppar. Men det er gjort på ein utruleg fin måte, som ikkje får ein til å tenka på kroppspress og sånt. Er også svak for optisk syrete cover, som The Black Keys Turn Blue og Animal Collective sin Merriweather Post Pavilion.

Lumikide

Beste hårsveis noensinne og hvorfor?
Var veldig fan av Geir Moen (løpar) av ein eller annan grunn, og fekk same hockeysveis som han. Eller eigentleg var det vel mor som var fan, og som klypte meg som han. Nei seriøst. Lille My.

Hva er ditt beste festivalminne?
Når me malte Casiokids-malerier på campen på Roskilde 2010, heile veka, og sendte desse maleriene framover publikum under konserten – som avslutta med at maleria sto på scenekanten mens apekattane dansa rundt dei. Finaste vernissagen.

Siste spørsmål nå, hva syns du man bør man glede seg til i tiden som kommer?
Me skal ikkje så langt fram! Er no på veg til Bergen for å laga ei kjempeavslutning på Klangkollektivet-epoken på Østre på laurdag. Det blir ei fantastisk konsertaftan som avsluttast med Ekko-dansegolv, som var ca slik me sparka i gong Klangkapitlet for 5 år sidan. Verdig avslutning på eit stort eventyr. Me har dessutan gong i ein megabergensfest under Spot i Århus i mai, for dei som skal der. Og så er mørketida bak oss, og sommaren føre oss – det er gode tider!